Fylket står samla: Statsbudsjettet må hindre irreversible kutt i Helse Møre og Romsdal

De 27 ordførerne i Møre og Romsdal ber regjeringa og Stortinget om å sikre Helse Møre og Romsdal i statsbudsjettet for 2027.

Brevet (PDF, 96 kB)er sendt til statsministeren, helse- og omsorgsministeren og finansministeren, med kopi til mellom andre Mørebenken, helse- og omsorgskomiteen og finanskomiteen på Stortinget.

Ordførarane viser til at Helse Møre og Romsdal (HMR) sjølv har gjort det klart at manglande løysing i statsbudsjettet kan føre til store strukturelle endringar.

– Helseministeren har sjølv sagt at grensa går ved pasienttryggleik og fagleg forsvarlegheit. Då må statsbudsjettet gi Helse Møre og Romsdal økonomi til å halde seg innanfor den grensa. Det er kjernen i brevet frå ordførarane, seier Stian Skorgen Scheide, styreleiar i Sunnmøre regionråd.

Ordførarane ber om ei særskild økonomisk styrking av HMR, der staten tek ansvar for den ekstraordinære belastninga frå investeringar, renter, avskrivingar, IKT og Helseplattformen, i tillegg til at HMR får rammer til å løyse oppdraget sitt gjennom dei regionale inntektsfordelinga.

– Dette er ikkje lenger ei vanleg omstillingssak. Når Helse Møre og Romsdal sjølv seier at manglande løysing i statsbudsjettet kan føre til store strukturelle endringar, må regjeringa og Stortinget ta ansvar, seier Scheide.

Håkon Lykkebø Strand, ordførar i Ålesund, leia det ekstraordinære partnarskapsmøtet i Helsefellesskapet der ordførarane starta arbeidet med brevet.

– I Helsefellesskapet ser vi tydeleg kor tett sjukehusa og kommunane heng saman. Når kapasitet og funksjonar i spesialisthelsetenesta blir svekka, kjem konsekvensane raskt til kommunane, fastlegane, legevaktene, pårørande og pasientane, seier Lykkebø Strand.

Brevet er signert av alle ordførarane i Møre og Romsdal.