Gledelege gjennomslag for Møre og Romsdal i NTP - Ein jubeldag for Møre og Romsdal!

Felles pressemelding fra NHO Møre og Romsdal, Sunnmøre Regionråd og Romsdal Regionråd i forbindelse med fremleggelsen av NTP 2022-33.

- Å få E136 i Romsdalen og E39 Ålesund-Molde på prioritert plass i NTP er eit kjempeløft for bedriftene og befolkninga i Møre og Romsdal. No riggar vi regionen godt for framtidas utfordringar, seier regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal.

NHO Møre og Romsdal, Romsdal regionråd (ROR) og Sunnmøre regionråd (SR) gjekk vinteren 2020 saman om eit felles innspel til prioriterte samferdselsprosjekt i samband med rulleringa av Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033. Utbetring av eksportvegen E136 Vestnes-Bjorli og E39 Ålesund-Molde med ferjefri fjordkryssing var heilt på topp på prioriteringslista i første periode av NTP (2022-2027). No ser det ut til at begge prosjekta blir klare for snarleg igangsetting. Det betyr fullt gjennomslag for Møre og Romsdal.

- Vi må sikre at bedriftene i heile fylket får varene sine hurtig ut til kundane i den norske og internasjonale marknaden. Tida for å utbetre flaskehalsane langs fylkets viktigaste eksportveg E136 er overmoden, seier Espen Remme.

Eksport- og verdiskapingsfylke Møre og Romsdal er eit av Norges største verdiskapingsfylker og landets nest største eksportregion. Utbetring av E136 i Romsdalen og snarleg igangsetting av E39 Ålesund-Molde med ferjefri fjordkryssing betyr at fylket står godt rusta til å sikre noverande og framtidige arbeidsplassar, tiltrekke seg riktig kompetanse og det vil styrke konkurransekrafta til bedriftene. E39 Ålesund-Molde med fjordkryssingsprosjektet Møreaksen halverer reisetida mellom fylket sine to største byar. Det gir også etterlengta, døgnope fastlandssamband til 5000 innbyggarar og viktige næringsklynger i Aukra og Midsund.

- Vi er svært glade for at dette er eit av regjeringas prioriterte prosjekt. Samstundes er vi usikker på kva det betyr for framdrifta av dei gryteklare prosjekta i Romsdalen at Nye Veier har fått ansvara for strekninga Vestnes-Dombås. Vi er utolmodige og har derfor bedt Nye Veier om eit møte for å forsikre oss om rask igangsetting, seier dagleg leiar Alf Reistad i Romsdal Regionråd.

- Kampen om å vere attraktiv og få ei positiv folketalsutvikling er tøff. Realisering av det kortaste og raskaste sambandet mellom Molde og Ålesund vil bygge ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion som vil gagne heile fylket, seier dagleg leiar Jan Kåre Aurdal i Sunnmøre Regionråd.