Regionrådene i Møre og Romsdal ber Helse Midt-Norge om ekstrabevilgning

De interkommunale politiske råda i Møre og Romsdal mener at den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er så alvorlig at Helse Midt-Norge må gi en ekstrabevilgning på 500 mill. kroner.

Lederne for de tre regionrådene i fylket sendte 16. desember 2025 følgende brev til Helse Midt-Norge RHF:

"Helse Møre og Romsdal HF må få ekstraløyving
Dei interkommunale politiske råda i Møre og Romsdal meiner at Helse Møre og Romsdal sin økonomiske situasjon no er så alvorleg at Helse Midt-Norge må gi ei ekstraløyving på 500 millionar kroner.

Helse Møre og Romsdal har hatt likviditetsproblem i 12 av dei 14 åra sidan etableringa i 2011. Til samanlikning har St. Olavs hospital i Trondheim samla opp over 4,2 milliardar kroner i overskot i same perioden.

Det er openbert at inntektsfordelingsmodellen i Helse Midt-Norge treng justeringar for å ta omsyn til reelle behov og geografiske forskjellar. Dei historiske resultata viser ei skeivfordeling som ikkje kan halde fram. Vi forventar at inntektsfordelingsmodellen i Helse Midt-Norge blir endra i samband med evalueringa av den i 2026.

Den frå før vanskelege økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er dei siste to åra kraftig forverra. Dette skuldast innføringa av Helseplattformen, renteutgifter på investeringar og auka driftskostnadar. Underskotet i 2024 var på 554 millionar kroner, medan underskotet i 2025 ligg an til å bli 541 millionar kroner. Dette krev ei ekstraordinær handtering utover det Helse Møre og Romsdal kan klare åleine.
Styret i Helse Midt-Norge har alle moglegheiter til å gi Helse Møre og Romsdal ei ekstraløyving. Helse Midt-Norge hadde ved utgangen av 2024 opptent eigenkapital på 6,1 milliardar kroner.

Vi ber styret i Helse Midt-Norge om å gi Helse Møre og Romsdal ei ekstraløyving på 500 millionar kroner for 2025.

Ingrid O. Rangønes, leiar Nordmøre regionråd IPR
Trygve Grydeland, leiar Romsdal IPR
Kenneth Langvatn, styreleiar Sunnmøre regionråd"